På onsdag laga me i stand til halloween måltid på SFO. Temaet skulle vera "Ekkel mat". Ungane var svært forventningsfulle til korleis denne ekle maten skulle smake!
Ungane har vore med på å gjort klart til denne dagen. Dei har bidratt med halloween pynt, skjært ut gresskar og sortert frø og gresskar kjøtt, laga meny. Menyen bestod av mykje blodig mat, gresskar smoothie, gresskar kakerlakker, skumle grønnsaker og frukt.
Me avslutta dagen med Jungelboken på storskjerm.
Her kan de sjå bileter frå dagen.