Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Informasjon til føresette om gratis kjernetid I SFO for 1.klasse

Førsteklassingane i Noreg skal frå august 2022 få tilbod om gratis kjernetid i skulefritidsordninga. For 1.klassingar i Time kommune vil tilbodet om 3 dagar i skulefritidsordninga difor blir gratis frå 1. august.  
Om føresette ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.  
Døme:  3085 kr (5 dagar) – 1850 kr (3 dagar)= 1235 kr betalar ein for 5 dagar.  
Matpengar er rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betale i tillegg.  
Dei vekene i skuleåret skulen har stengt og SFO er open, kan ein nytta dagane man har plass på SFO. Det er og mogleg å kjøpe opphald ekstra dagar. Denne ordninga gjeld og for ferieveka i slutten av juni og ved skulestart i august.  
Ein melder seg på tilbodet via Visma flyt skule. Det ligg lenke på heimesida til skulen. I oversikt over tilboda ein kan velje, er det eigne tilbod for 1.klasse. Føresette for 1.klassingar vel då det tilbodet dei ønskjer for sin elev.  

Søknadsfrist er 1. mars. Det er opent for påmelding via Visma Flyt skule frå 10.februar 2022.