Til alle foreldre/føresette ved Lye skule
Vedlagt ligg informasjon til både elevundersøkinga for 5.-7
trinn og foreldreundersøkinga for 1.-7.trinn. Informasjonen fins på fleire språk.
Målet med desse viktige undersøkingane er å få informasjon om elevane si læring
og trivsel på skulen vår. Denne informasjonen brukar me i arbeidet med å gjera
læringsmiljøet endå betre.
Elevane på 5.-7.trinn skal ha undersøkinga dei neste vekene.
De foreldre er viktige samarbeidspartnarar for oss. Ved å svara
på foreldreundersøkinga kan de foreldre seia dykkar meining om eleven si læring og
trivsel på skulen.
Undersøkinga til dykk foreldre blir sendt ut via SMS i løpet av eit par veker. Begge føresette blir inviterte til å svara.
Det er enkelt å svara og undersøkinga tek ca 3-5 minutt. Du må
velja korrekt trinn ditt barn går på. Undersøkinga er anonym og det er umogleg
å identifisera kven som svarer.
(Dei som har fleire elevar hos oss får fleire SMS'ar,
og må svara på for kvart trinn de har elev på.)
Gå inn på desse lenkene for meir informasjon om elevundersøkinga:
Informasjon til foreldre om elevundersøkinga - nynorsk
Informasjon til foreldre om elevundersøkelsen - bokmål
Informasjon til foreldre om elevundersøkinga - engelsk
Informasjon til foreldre om elevundersøkinga - arabisk
Informasjon til foreldre om elevundersøkinga - polsk
Informasjon til foreldre om elevundersøkinga - ukrainsk
Gå inn på desse lenkene for meir informasjon om foreldreundersøkinga:
Informasjon om foreldreundersøkinga - nynorsk
Informasjon om foreldreundersøkelsen - bokmål
Informasjon om foreldreundersøkinga - engelsk
Informasjon om foreldreundersøkinga - arabisk
Informasjon om foreldreundersøkinga - polsk
Informasjon om foreldreundersøkinga - somali
På førehand tusen takk for at de tek dykk tid til å svare!