Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Søknad om lågare pris på SFO

Ein kan søka om lågare pris på SFO om hushaldet har låg inntekt.

Forskrift til opplæringslova slår fast at kommunen, etter søknad, skal gi reduksjon i foreldrebetalinga
for skulefritidsordninga på 1.-4. trinn slik at den per elev utgjer maksimalt 6 % av inntekta til
hushaldet om:

a) Foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn 6% av inntektene til hushaldet det siste
året

b) Det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at
foreldrebetalinga for eit skuleår utgjer meir enn 6% av inntektene til hushaldet

Forskrift til opplæringslova

Du får ikkje automatisk lågare pris på SFO om du har låg inntekt. Du må sjølv søka dette. Ein søker om
redusert pris via Visma Flyt Skole under «Søknader».

Inntekt som blir lagt til grunn

Foreldrebetaling for SFO blir rekna ut frå husstanden si samla skattepliktige kapital- og
personinntekt. Ein husstand skal maksimalt betala 6% av si samla inntekt for kvart barn.

Definisjonen på ein husstand er ektefellar, registrerte partnarar eller sambuarar.
To ugifte personar over 18 år som bur saman, og har budd saman i ekteskapslikande forhold i minst
12 av dei 18 siste månadane, blir rekna som sambuarar.

Om barnet ikkje bur fast hos begge foreldra, er det den av foreldra som har barnet folkeregistrert hos
seg som kan søka, og som er den husstanden foreldrebetalinga skal reknast ut frå.

Søknadsfrist
Når ein har fått plass på SFO kan ein søkja om redusert betaling. Frist for søknad til hovudopptaket er
1. mars. Ein kan og søkja plass i løpet av eit skuleår.

For søknadar som blir sendt før 1. august vil reduksjonen gjelde frå august månad og ut skuleåret.
For søknadar sendt 1 august eller seinare, gjeld vedtaket frå første heile månad etter at søknaden er
sendt.

Du kan søkja om redusert foreldrebetaling heile året. Eit vedtak om redusert betaling gjeld frå
månaden etter at søknad med fullstendig dokumentasjon er mottatt, og gjeld ut skuleåret.

Hugs at du må senda ny søknad for kvart skuleår.