Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Støyforureining frå sportsaktivitetar etter kl. 23.00

Skulen har fått ei henvending om at det er barn/ ungdom som spelar basketball på skulen sitt område etter kl. 23.00. For å oppretthalde eit godt naboskap og respektere nattero, ønsker vi å gjere dykk føresette merksame på problemet. Om du har barn som er ute på denne tida, er det ønskeleg at du tek ein prat om at ein på offentlege stader pliktar å overhalde nattero etter kl. 23.00 og fram til kl. 06.00. 

Naboloven §2 seier at ingen må ha, gjere, elller setje i gang noko som urimeleg eller unøgvendig er til skade eller til ulempe for naboens eigedom. Lova er verken tydeleg eller særleg spesifikk, men gir oss ein peikepinn for kva som gir grunnlag for å klage. 

Vi på skulen er positive til at skulen sitt område vert nytta til sportslege aktivitetar på fritida, men ber om at ein avsluttar innan kl. 23.00.