Elevane på 1. og 2. trinn får gratis kjernetid i SFO. I Time kommune er gratis kjernetid definert som 3 dagarstilbodet. 2 dagars tilbodet vil og vera gratis for denne gruppa. Om føresette på 1. og 2. trinn ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.
Frå august 2024 vil tilbodet om gratis kjernetid og gjelda elevar på 3. trinn. Dei same prisane som no gjeld for 1.-2. trinn, vil då og gjelda dei.
Matpengar er rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betala i tillegg.