Me på 4.trinn har vore med på «Batterijakten» i veke 12-14. Du lurer kanskje på kva det er? Les vidare!
Okay, då skal me fortelja det. Det er slik at me samlar inn masse batteri og teiper dei på begge sider. Me legg dei i ein raud boks og leverer dei på ein gjenvinningsstasjon eller på butikker der dei selger batteri. Det er kjempegøy! Det må du også prøve! Håper du vil prøve dette. Då redder me jorda og naturen. Lykke til!
Helsing oss på 4.trinn!