Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Veslefrikk med fela

I dag hadde me besøk av "den kulturelle skulesekken". Då fekk me sjå eventyret "Veslefrikk med fela". Ekstra stas var det når både elevar og vaksne fekk vera med å dansa.

Veslefrikk med fela er eit av våre mest kjende og kjære folkeeventyr samla av Asbjørnsen og Moe. Historia handlar om den vesle, fattige guten som tener tre skilling for tre års arbeid. Desse gjer han alle bort ein etter ein fordi nokon andre treng skillingane meir enn han sjølv. Det løner seg å vere god mot andre, for Veslefrikk får oppfylt eit ønske for kvar skilling han gjer frå seg.

Erlend Apneseth, Margit Myhr og Vetle Springgard fortalde dette eventyret gjennom song, spel, dans og skodespel.

Ungane fekk ta del i spenstig hallingdans og akrobatiske krumspring, mektige hardingfeleslåttar, var song, og humoristiske karakterar på scena.