Ein skal arbeida med lesing på ulike område. Det er
utfordrande å skapa ei forståing for at elevane må ha kompetanse i å lesa all
type tekst, ikkje bare leseboktekst.
Elevane våre må læra seg gode strategiar dei kan bruka i møte med ulike typar
tekstar.
Skuleåret 2014/2015 utarbeidde lærarane ein leseplan som skal sikra at
leseundervisninga har ein raud tråd frå 1. – 7. trinn. Denne planen blir aktivt brukt i undervisninga i alle fag. Planen ligg som eit vedlegg.
Skulebiblioteket har ei viktig rolle i denne satsinga. Dagens born skal ha dagens bøker er eit prinsipp me styrer etter. Me er opptekne av at bøkene på biblioteket skal fremja leseglede, og at det skal vera bøker i ulike sjangrar.
I leseopplæringa arbeider ein med STL+ som metode. Elevane bruker eit spesielt dataprogram
aktivt i leseopplæringa. I tillegg lærer elevane 2 bokstavar i veka. Lærarane
responderer at metodane som har blitt brukt, er gode og at læringsutbyttet er
godt.
Skulen har og eigne leselærarar på 1. - 4. trinn.