Meny
Velg trinn eller SFO 7. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Frå og med 5. juni kan du bestilla skulemjølk for skuleåret 2024/2025.

Hugs neste års klasse for barnet ditt.

Mjølkebestilling her   skulemjølk


Til hausten tek Bryne skulekorps inn nye aspirantar og musikantar frå 3. trinn og eldre.
Me har rekrutteringsdag på Bryne ungdomsskule i aulaen torsdag 30. mai klokka 17.00. Då kan du og ein av foreldra dine koma og høyra på ein liten konsert, og få sjå på ulike instrument. Me vil fortelja både deg og foreldra dine om korleis det er å gå i korps.

 


Ny opplæringslov vart vedteken 09.06.23 og skal tre i kraft med verknad frå 01.08.24. Ei av lovendringane er at elevane på 8.- 10. trinn sjølve kan velja kva målform dei vil ha som hovudmål.  

Barn under 18 år som
trenger briller kan få
støtte fra NAV

2. mai 2023 blir Visma “Hjemmeweb” erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 



Me ønsker føresette til elevar på 7.trinn som skal gå på Bryne ungdomsskule vel møtt til
foreldremøte i aulaen på BUS onsdag 22.februar kl 18.00. Bruk inngang 1 eller 6.
Det blir kort informasjon om overgangen til ungdomstrinnet, samt info om valfag og
språkfag/arbeidslivsfag, og korleis det heng saman med val av vidaregåande opplæring.

Mvh
Iselin Gjære Lothe
Avdelingsleiar Bryne ungdomsskule
51 77 64 43 / 91 57 35 39

Alle barn og unge skal kunna delta i minst ein fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra sin økonomi. Derfor har me starta opp prosjektet ALLEMED i Time. 

Skulen har tidlegare uttrykt bekymring for auka trafikk i nærområdet til skulen. Det er mange barn som blir køyrt til skule / sfo og dette fører til auka trafikk og mindre trygg skuleveg for dei elevane som går eller sykler til skulen. Det er tronge vegar som leier inn til skulen, og kommunen har sett opp forsterka lys for å betra tryggleiken på overganger. Likevel er me bekymra for mengda av køyretøy som ferdes i området medan 500 elevar er på veg til skulen. Dette ønskjer me no å få gjort noko med. Me ønskjer at området rundt skulen vert ei hjartesone. Dette betyr at hjartesona er tilnærma bilfri i tida elevane er på veg til eller frå skulen.