Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Elevrådet

Alle skular skal ha elevråd.

Det er elevrådet si oppgåve å representere elevane på skulen overfor rektor og andre som bestemmer på skulen.

Det betyr at viss det er noko du ikkje er fornøgd med på skulen, kan du ta saka opp i elevrådet.

Det er vanleg at kvar klasse vel sin elevrådsrepresentant i byrjinga av skuleåret. Elevrådsrepresentanten i din klasse kan ta opp sakar du og klassen meiner elevrådet bør ta vidare med rektor.

Elevrådet kan for eksempel vera med på å bestemme reglar på skulen, seia frå viss det er noko som ikkje fungerer eller om det er dårleg luft på skulen. Dei kan og fortelje lærarane korleis elevane vil at undervisninga skal vera. På  barneskulen skal det vera med elevar frå 5., 6. og 7. trinn i elevrådet. Yngre elevar kan også bli valde.

I ungdomsskulen og på vidaregåande skule skal det vera med elevar frå alle trinn.

Du kan lesa meir om elevråd og elevrådsarbeid hos elevorganisasjonen og i Opplæringsloven § 11-2.