Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Dropsone for føresette ved Bryne skule

Skulen har tidlegare uttrykt bekymring for auka trafikk i nærområdet til skulen. Det er mange barn som blir køyrt til skule / sfo og dette fører til auka trafikk og mindre trygg skuleveg for dei elevane som går eller sykler til skulen. Det er tronge vegar som leier inn til skulen, og kommunen har sett opp forsterka lys for å betra tryggleiken på overganger. Likevel er me bekymra for mengda av køyretøy som ferdes i området medan 500 elevar er på veg til skulen. Dette ønskjer me no å få gjort noko med. Me ønskjer at området rundt skulen vert ei hjartesone. Dette betyr at hjartesona er tilnærma bilfri i tida elevane er på veg til eller frå skulen.

Kommunen har oppretta ei dropsone på parkeringsplassen til Kiwi (Jernbanegata). Det er skilta og sett av 5 parkeringsplasser som føresette kan benytte seg av når dei skal levere eller hente på skule / sfo. Føresette kan velge å sette av barnet her, eller parkere og følgje barnet til skulen.  

Det går ein sykkelsti opp frå parkeringsplassen. Når elevane kjem opp til Gamle Hognestadsvegen så er det bare eitt gangfelt dei skal krysse før dei kjem til skulen. Denne vegen har gjennomkøyring forbudt og lite trafikk.  

Skulen meiner at denne dropsona vil vera med å gjera skulevegen tryggare for elevane våre, men det fordrer at føresette må endre vanar og ta dropsona i bruk. Me har tillit til at de vil gjera det som er best for barna og bruke denne dropsona ved behov.

Me anbefaler at alle elevar går eller sykler til og frå skulen. Dette gjer me ut frå folkehelseperspektivet om at fysisk aktivitet er positivt. Det er de som føresette som bestemmer kor tid barnet ditt skal få lov til å sykle, men vår anbefaling er i tråd med trygg trafikk sine råd om at elevane går fram til dei begynner på 5. trinn. Dette handler om modning for ferdsel i trafikken.

Trygg trafikk