Hei,
Har de leiker til overs heime? Me har god bruk for dei på skulen.
Me på Bryne skule treng leiker til 1. -4. trinn. Me er oppteken av at leik er ein viktig del av læringa for barna. Det fremjar relasjonar mellom barn og vaksne, sosial utvikling, kreativitet , fysisk og psykisk helse.
Eksempel på det me treng:
Byggesett, kapla, magnafiles, lego, legofriends, kjøkkenleiker, alle slags dokker, klede og utstyr til dokkene, dokkehus, puslespel (heile), spel (heile), dyr, utkledningsklede (reine).
Me ber om at de reingjer leiker som treng ein liten puss, og at leikene er heng saman på ein framleis god måte.
De kan levera leikene i administrasjonen.
På førehand, takk!