Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
No er det klart for lusesjekk!

For å sikre ein lusefri haust, oppfordrar Folkehelseinstituttet alle skolar og barnehagar til å arrangere kampanje mot hovudlus i veke 35.  

Hovudlus er eit tilbakevendande problem i skolar og barnehagar landet over. Anslagsvis har ein til to prosent av barn i Noreg til ei kvar tid lus. Jamleg lusesjekk reduserer risiko for lus. Dersom alle sjekkar og behandlar seg for lus på same tidspunkt, vil det redusere talet på hovudlustilfelle over tid.

                 

Hodeluskampanje

Me oppfordrar difor foreldre og føresette til å foreta lusesjekken helga 1. og 2. september, og med fortløpande behandling dersom dei oppdagar lus. Heile familien bør undersøkast.

Foreldre eller føresette som oppdagar hovudlus, bør varsle skole eller barnehage samt foreldre til nære skole- eller fritidsvenner av barnet, slik at dei også kan bli sjekka og eventuelt behandla.

Jamleg lusesjekk er det beste middelet for å redusere talet på tilfelle av hovudlus. Folkehelseinstituttet anbefaler sjekk med lusekam minst ein gong i månaden.