Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
So cool! Back to school!

Kvar morgon snakkar me litt engelsk. Me har tru på at det er lurt med korte, regelmessige økter og daglige drypp med engelsk. I august og september er temaet den engelske skulekvardagen. Me snakkar, les og skriv på engelsk. Me har fokus på at det skal vera gildt å læra engelsk. Me prøver å variera arbeidsmetodane slik at undervisninga vert gild og motiverande.
No på 3.trinnet begynner arbeidet med å lesa og skriva engelsk for alvor. Elevane øver på god leseflyt. Elevane vert utfordra på å skriva heile setningar. Samtidig har me fokus på å snakka engelsk. Me har ikkje fokus på korleis elevane kommuniserer, men at dei kommuniserer. Dersom dei vert retta for mykje på,kan det øydeleggje motivasjonen. At elevane bruker eit mest mulig korrekt engelsk, er eit langsiktig mål. På vegen skal elevane ha frihet til å øva seg og til å prøva og feila.
Main Image

Bilete 1 av 4