Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Aksjon mot hovudlus

For å sikre ein lusefri haust, oppmodar Folkehelseinstituttet alle skular og barnehagar til å arrangere kampanje mot hovudlus i veke 35.  

Me oppfordrar difor foreldre og føresette til å foreta lusesjekken helga 31. aug.-1. sept., og med fortløpande behandling dersom dei oppdagar lus. Heile familien bør undersøkast.Foreldre eller føresette som oppdagar hovudlus, bør varsle skule eller barnehage samt foreldre til nære skule- eller fritidsvener av barnet, slik at dei også kan bli sjekka og eventuelt behandla. Jamleg lusesjekk er det beste middelet for å redusere talet på tilfelle av hovudlus. Folkehelseinstituttet anbefaler sjekk med lusekam minst ein gong i månaden.

Vi håpar at alle elevar på vår skule støttar opp om aksjonen slik at vi i fellesskap kan redusere luseplaga hos oss.


Korleis sjekke for hovudlus? Du oppdagar hovudlus ved å greie håret med ein lusekam (finst på apotek). Det er viktig at du greier håret i heile dets lengde, og at du startar heilt inst ved hovudbotnen. Folkehelseinstituttet anbefaler å greie i vått hår fordi vått hår hemmar bevegelsen til lusa. Du kan gjerne tilsette balsam for å lette kjemminga. Tørk kammen med tørkepapir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når lusene har tørka, vil dei begynne å bevege seg. Nokre føretrekkjer å greie i tørt hår. Personen som blir gredd bør da stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande, slik at lus som fell ned frå håret blir oppdaga. Det viktigaste tiltaket for å unngå hovudlus er å sjekke ofte. Utover aksjonsperioden bør barna bli sjekka for hovudlus minst éin gong i månaden, helst éin gong i veka. 

Sjå gjerne Folkehelseinstituttet sin instruksjonsfilm om hovudlus-sjekk, som du finn på link under

Fakta/behandling av lus