Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Refleksdagen

Refleksdagen vert markert over heile landet i dag, torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruka refleks slik at dei ikkje vert utsett for ei ulykke.
Er du blant dei som gløymer refleksen? Bruk 5 minutt på Refleksdagen og fest refleks på jakkar og baggar. Det er ei smart investering av tid! Kjøp også gjerne klede med refleks påsydd. Jo meir, jo betre. Då har du ein ting mindre å hugse på i kvardagen og er trygg i mørket. I neste veke, veke 43, vil me på Rosseland skule telja kor mange av elevane våre som bruker refleks på skulevegen. I tillegg vil me bruka tid på å snakka med elevane om kor viktig det er å bruka refleks ute no i mørketida.