TL-kurs i Lyehallen
I dag har 44 elevar frå 4.-7.trinn ved Rosseland vore på TL-kurs i Lyehallen saman med elevar frå Bryne, Hognestad og Lye.
Publisert: 29.01.2024 16:04 Sist endra: aldri Forfattar: Lise Bø Emberland
TL står for «Trivselsleder». TL-ane skal bidra til eit betre samhald og eit tryggare skulemiljø, gjennom organisert aktivitet i friminutta. Elevane har på kurset lært seg 9 kjekke aktivitetar som dei no skal læra vidare til dei andre elevane ved skulen. Me håpar at dette vil føra til mange aktive og inkluderande friminutt utover våren.