Torsdag 12.juni var Gledespatruljen på sommarbesøk.
Været kunne ikkje vore betre og elevane strålte om kapp med sola.
Publisert: 16.06.2025 16:34 Sist endra: 16.06.2025 17:00 Forfattar: Unni Einarsen
Det vart mange sterke og fine besøk då me fekk delt ut 71 korger i nærmiljøet. Dei fleste av desse var i Bryne/Rosselandskrinsen. Bussen med våre gode medhjelparar Rolf og Geir Magnus, hadde det travelt med 15 leveringar på bygda og i nabokommunar.
Elevane i Gledespatruljen gjorde ein fantastisk jobb. Det var lange strekk og store avstandar. Då var det ekstra jillt at Therese og Lars Sølve kom med bil og hjalp oss med 9 leveringar på tampen.
Skulen er stolt over elevane som gjorde ein formidabel jobb med å gleda andre denne dagen.
No ladar me opp til neste runde som blir i desember.
God sommar!