Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Informasjon

Bryne ungdomsskule ligg midt i Bryne sentrum. Me har store gode lokale og eit fint uteområde.

Skuleåret 23-24 har me 320 elevar, fire klassar på kvart trinn. Me er 50 tilsette, lærarar, miljøveiledarar og miljøarbeidarar. 

Me tilbyr tysk og spansk som framandspåk, og har også engelsk fordjuping og arbeidslivsfag for dei elevane som ikkje vil ha eit ekstra framandspråk. 

Me har mange ulike valgfag, og desse varierer frå år til år alt etter kva elevane ønsker. 

Bryne ungdomsskule er ein Olweus-skule, det betyr at me har eit system me bruker når elevar opplever at dei blir trakasserte eller mobba. Me treng hjelp frå alle føresette i dette arbeidet, og ønsker at avstanden mellom skule og heim skal vera slik at det er lett å ta kontakt med oss. Me har stort forkus på at alle elevane hos oss skal ha eit trygt og godt skulemiljø der dei kan læra så mykje så mulig ut frå dei forutsetningane dei har. 

Dette året har me hovudfokus på lesing. Lesing omfattar alle elevar, alle lærarar og alle fag og er ein grunnleggjande ferdigheit som er svært viktig for at elevane skal meistra liva sine vidare.