Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Vurdering for læring

Skulen har vore med i den nasjonale VFL satsinga i 2 år. Det har ført til auka kunnskap og kompetanse i kollegiet.

Elevundersøkelsen seier at elevane har lærarar som forklarar dei måla, kva som er bra og kva som kan bli betre. Me er allikevel i følgje undersøkelsen ikkje så gode på å få dette fram i samtaler med elevane jamleg.

Framover skal me bli betre på undervegsvurdering og meir VFL-praksis i den daglege undervisninga.  

Utdanningsdirektoratet definerer dette som god VFL-praksis:  

Elevane:

  • skjønar kva dei skal lære, og kva ein ventar av dei
  • får tilbakemeldingar om kvaliteten på arbeidet dei gjer, eller kor godt dei presterer
  • får råd om korleis dei kan verte betre
  • er involverte i det eigne læringsarbeidet, og til dømes vurderer eige arbeid og eiga utvikling

 Lærarane regulerer undervisninga i lys av undervegsvurderinga  

Me er i gang med dette arbeidet og er i ein prosess for å finna ut kva som er god vurderingspraksis. Me nyttar begrepa formativ og summativ vurdering – i staden for VFL-begrepet.