Studentar
Trinnet vil få besøk av studentar i veke 38, 39 og 40. Studentane vil vere hovudsakleg på 9.trinn og mellom anna delta i og gjennomføre undervisning .
Foreldremøte
Vi skal ha foreldremøte på 9.trinn måndag 18.september kl 17.30. Dette er i veke 38. Fint om dykk held av datoen. Håpar å sjå alle saman der.
Valfag
Det har vore fleire elevar som ønskjer å byte valfag. Dessverre er det eit par av valfaga det no ikkje går ann å byte til fordi dei er fulle. Elevane kan spørje om byte ut veke 38, men dei kan ikkje rekne med at byte kan gjennomførast.
Elevbedrift
I 1 og 2 time onsdag 6 september skal vi ha Kick-off med elevbedrift. Dette vil vere starten på førebuingane til ei elevbedriftsmesse som elevane skal ha i november.
Vurderingar
Elevane skal ha presentasjonar i norsk i veke 37. Desse vil bli gjennomførte i fagtimane.
Helsing oss på 9.trinn