Meny
Velg trinn/seksjon 10. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Ta imot tilbudt skuleplass
I første veka av juli får elevane ei tekstmelding om å logge inn på Vigo.no og ta imot tildelt plass. Svar ja. Dersom du svarer nei, vil du stå utan tilbod til hausten. Dersom du ikkje får tilbod om førsteønske, kan du samtidig setje deg på venteliste for høgare ønske. I slutten av juli kjem andreopptaket. Då må alle som er på venteliste svare på nytt. Deretter er det kontinuerleg opptak utover august. For å behalde skuleplassen du møte første skuledag. Skulerute med første skuledag finn du på rogfk.no og på den enkelte vgs si heimeside. For dei fleste vgs er det 19. august. Enkelte kan oppleve å ikkje få noko tilbod i førsteønske. Desse må setje seg på venteliste og vente på andre opptak.

Lånekassen
Etter at du har fått skuleplass, kan du søke Lånekassen om utstyrstipend. Lånekassen er staten sin bank for elevar og studentar. Stipedet er gratis penger og alle som søker får. I tillegg er det behovsprøvde stipend enkelte kan søke på.

PC
På vgs må du bruke pc. Du kan bruke ein du har frå før, kjøpe ny i butikken eller så kan du kjøpe gjennom fylkeskommunen og då får du fleire tusen kroner i støtte. Bestill tidleg i sommarferien, så er den klar når skulen starter. Bestillinga åpnar i første del av juli. Følg med på rogfk.no.

Flying start
To dagar på vgs i forkant av skulestart, der ein blir kjend med vgs og får eit forsprang før skulen begynner. Meir info og påmelding på den enkelte vgs si heimeside. Info frå Bryne vgs her.


Vi vil takke elevar og føresette for eit godt samarbeid gjennom skuleåret. No ønskjer vi alle ein velfortent sommarferie med tid til kvile, glede og gode opplevingar.
Me ønsker 2009-kullet lukke til på vidaregåande skule!

Første skuledag etter sommarferien er torsdag 14. august kl. 08.00.
Vi gler oss til å sjå dykk igjen då, og me gler oss spesielt til å ta i mot dei nye 8.klassingane!

Riktig god sommar frå alle oss ved Bryne ungdomsskule


I sommar vil det igjen vera ei rekke tilbod til barn og unge i Time.

Velkommen til avslutningsfest for 10. trinn 19. juni kl. 19.00 ved Bryne ungdomsskule 

Dette blei trekket for Bryne ungdomsskule 

Veke 21:  
Eksamen i Matematikk tirsdag 20. mai: klasse 10A 
Eksamen i Norsk Hovedmål onsdag 21. mai: klasse 10D  
Eksamen i Norsk Sidemål torsdag 22. mai: klasse 10D 
Eksamen i Engelsk fredag 23. mai: klasse 10B og 10C 

 


Bryne ungdomsskule oppmodar alle elevar til å stille i barnetoget på 17. mai for å feire saman med resten av skulen og Bryne.
Det er oppmøte på Bryne stadion kl. 0900. Toget går kl. 0930. Meir informasjon finn de her. 17. mai 2025

Ta med deg flagget og møt opp i finstasen!


Førsteønske 2025 i Vigo for 102 10.klassingar på BUS:
1. Bryne vgs Studiespesiallisering 38 (13 jenter og 25 gutar)
2. Bryne vgs Teknologi- og industrifag 16 (0 jenter og 16 gutar)
3. Bryne vgs Helse- og oppvekstfag 9 (9 jenter og 0 gutar)
4. Bryne vgs Bygg- og anleggsteknikk 9 (2 jenter og 7 gutar)
5. Bryne vgs Idrettsfag 3 (1 jente og 2 gutar)
6. Bryne vgs Sal, service og sikkerheit 3 (2 jenter og 1 gut)
7. Vågen vgs FBIE 3 (3 jenter)
8. Gand vgs Teknologi- og industrifag 2 (1 jente og 1 gut)
9. Tryggheim vgs Studiespesialisering 2 (2 jenter)
10. Gand vgs Helse- og oppvekstfag 2 (2 jenter)
I tillegg er det 14 kombinasjonar av utdanningsprogram og skule som kun har ein søkar.

I 2025 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i Time kommune blant elevar i 8.- 10. klasse. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 13. Målet er å få ei oversikt over korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida. 

Skriftleg eksamen:
Elevane får vite kva fag dei kjem opp i 16. mai klokka 09.00.

Alt etter kva fag dei kjem opp i er det følgjande datoar som gjeld:
20. mai eksamen matematikk
21. mai eksamen norsk hovudmål
22. mai eksamen norsk sidemål
23. mai eksamen engelsk

Nytt i år er at det ikkje er førebuingsmateriell til skriftleg eksamen.
Her kan du lese meir om skriftleg eksamen: Eksamen (udir)

Munnleg eksamen:
10. juni kl 09.00: Elevane får informasjon om kva fag dei er trekt ut i.
11. juni: Førebuingsdag på skulen, samt rettleiing frå faglærar.
12. juni: Eksamensdag.

Særskild tilrettelegging på eksamen:
Du kan ha rett til å få lagt forholda til rette under eksamen, slik at du skal få vist kompetansen din. Døme på at du eller andre elevar kan ha ein slik rett, kan vere allergi, lese- og skrivevanskar, synsvanskar, hørselvanskar eller talevanskar. Døme på tilpassing kan vere at du får utvida tid. Eksamen er universelt utforma, så alle har mulegheit til å lytta til oppgåveteksten.    
Tilrettelegginga skal ikkje vere så stor at det ikkje er mogleg for sensor å vurdere kompetansen din. 
Særskilt tilrettelegging er rektor si avgjerd, men du har mulighet til å klage på avgjerda. Statsforvaltaren i Rogaland handsamar klagen.

Viss ditt barn har behov for særskild tilrettelegging på eksamen må du søkje om dette til rektor innan 1.mai. Hugs å få med:
- Namn på eleven
- Om søknaden gjeld skriftleg eller munnleg eksamen, eller begge deler
- Grunngjeving for kvifor han/ho treng tilrettelegging
- Dokumentasjon om du har

Søknad kan sendast til rektor på e-post til iselin.gjaere.lothe@time.kommune.no.

Her kan du lesa meir informasjon om eksamen og korleis den blir gjennomført.


Det blir ulike aktivitetar på Møllekjellaren i vinterferien. Sjå vedlagt info. 

Bryne ungdomsskule er ein Olweusskule, det vil seia at me arbeidar jamnt og trutt med antimobbearbeid etter Olweusprogrammet. 

I veke 10 og 11 vil me gjennomføra ein ny Olweusundersøking på alle trinn.


Årets resultat er klart! Me klarte å samla inn heile 79.045 kr til Hei verden!

Hilsen fra Hei verden:
Tusen takk for flott solidaritetsinnsats for Hei verden. Deres innsats er utrolig viktig for oss, og vil være med på å sikre retten til utdanning for barn som lever i fattigdom i Zambia, Peru og Bangladesh.

Utdanning er nøkkelen til en bedre framtid, og med deres hjelpskal vi bidra til å :
-sikre jenter rett på utdanning
-se til at urfolksbarn får gå på skole og at de får undervisning på sitt eget morsmål
-jobbe for at barn med funksjonsnedsettelse skal få tilrettelagt skolehverdagen slik at di også får en utdanning
-gi lærerne riktig kompetanse og gode arbeidsforhold
-styrke sivilsamfunnet

Vennlig hilsen Hei verden

Elevrådet vil ønska alle velkommen til vinterballet 2025!

Under finn du ei oversikt over kva som skjer. Det vil vera kafé i kantina etter at alle trinna har fått pizza og brus. I mingleområdet i 3. etasje blir det sett ut spel og me vil også ha oppe bordtennisbord. I Gymsalen er det laga til diskotek.

Me har eige fotorom fordi me ikkje ønsker at det blir filma og tatt bilder andre stader under ballet.
Vinterballet er alkoholfritt og det vil bli tatt vilkårlege testar med alkometer.
Til slutt vil me minna om at alle har ansvar for at alle skal ha det kjekt på ballet!

Oppmøte for dei ulike trinna ved hovudinngangen: 
18.50 8. trinn 
19.10 9. trinn
19.30 10. trinn

20.00 Velkommen og opning av ballet i gymsalen.
20.30 Kiosk i kantina er open. Fotoshoot i stort møterom i 2. etasje.
21.30 Kåringar i gymsalen
22.30 Takk for i kveld.

Det er mogleg å bruka diggipay dersom de vil kjøpa noko i kantina etter at maten er ferdig.

Vipps 150 kr til 546674

- Merk betaling med vinterball, navn og klasse
- Frist for betaling er 17. januar


Me ynskjer elevar og føresette ei god jul og eit godt nyttår!
Takk for godt samarbeid i året som har gått.

Første skuledag etter nyttår er fredag 3.januar.



Foreldremøte 10.trinn

Minner om foreldremøte med Sterk & klar i kantina onsdag 20.november kl 18.00-19.30. 

Hei verden 
I veke 47 startar me opp med årets solidaritetsinnsamling ved Bryne ungdomsskule. Me skal samla inn pengar til Hei verden, og me får informasjon måndag 18. november om prosjektet. På 10. trinn skal elevane ha “Jobb ein dag”, der inntektene frå arbeidet går til Hei verden. Fredag 29. november er arbeidsdagen, så det kan vera lurt å prøva å finna seg ein arbeidsplass i god tid. Det er óg mogleg å arbeida heime! Alle elevane vil få med seg heim ein lapp dei skal levera og fylla ut saman med arbeidsgjevar. 
 
 
Julegudsteneste og adventsamling 18. desember 
Me nærmar oss desember, og 10. trinnet har ansvaret for å arrangera julegudsteneste i Bryne kyrkje og adventsamling i Aulaen. Elevane har sjølv meldt seg på kva for eit arrangement dei vil gå på, og om dei vil vera med å bidra med gjennomføringa. 

BankID/MinID 
Rett over jul skal elevane leggje inn første utkast til vgs-søknad. Dette skjer på www.vigo.no. Endeleg frist er 1. mars. Elevane må logge seg inn på Vigo.no med MinID eller BankID. Det kan vera lurt å ha begge deler. Alle må ha minst ein av desse. Føresette må hjelpa ungdommen med dette. BankID kan ein bestille i banken. For å opprette MinID-bruker, kan ein ved hjelp av fødselsnummeret (11 siffer) enkelt bestille aktivieringsbrevet. Det kjem då i posten til ungdommen si folkeregistrerte adresse. Bestill her: Bestill aktiveringsbrev for MinID-bruker 



Iselin Gjære Lothe er tilsett som ny rektor ved Bryne ungdomsskule.

Ho jobbar i dag som avdelingsleiar på 9. trinn ved skulen. Ho har vore tilsett ved skulen sidan april 2020.

Ho er engasjert i skuleutvikling og eleven si læring og gler seg til å ta fatt på jobben som rektor ved BUS allereie frå 1. november. 


Viktig informasjon til foreldre frå politiet:

Situasjon

Politiet har den siste tiden sett at en del ungdommer gjør endringer på EL-sykkel sin, slik at sykkelen går mye fortere. På den måten endrer også klassifiseringen av framkomstmiddelet seg. Politiet ønsker derfor å informere foreldre, slik at vi kan forebygge både ulykker og bøter for ulovlig bruk.

Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

De senere årene og spesielt de siste månedene har det vært en økning i bruk av EL-sykler som modifiseres til å bli klassifisert som moped. Modusene her er at ungdom kobler ut en ledning rett under "salen" som gjør at fremkomstmiddelet går fra å være en EL-sykkel til en moped. Hastigheten går da til å være 30-50 km/t uten pedalkraft. Det er mulig å påvirke hastigheten på andre måter ved eks å bytte batteri eller koble andre ledninger.
Disse kjøretøyene bruker ungdom både på torget, på sykkel og gangsti og i kjørebanen. Det har vært flere klager fra innbyggerne om uaktsom kjøring med disse kjøretøyene.
Kjøretøyene brukes uten hjelm og det er stort skadepotensiale både for fører og tredjeperson som er gående eller syklende. Politiet er kjent med at disse kjøretøyene brukes til og fra skolen.
Politiet vil ha fokus på denne utfordringen i tiden fremover og vil opprette straffesaker på ulovlig bruk. Politiet ønsker derfor å være i forkant med å informere foreldre om regelverk. Vi håper at dette fører til at dere kan forebygge selv før politiet må opprette straffesak ved kontroll av kjøretøy som det har blitt gjort endringer på.
Regelverk

· En EL-sykkel er en tråsykkel som er påmontert en hjelpemotor. En vanlig EL-sykkel kan ha en hjelpemotor med nominell effekt på høyst 0,25 kW.
· Motorkraft uten bruk av pedaler skal opphøre ved 6 km/t.
· Når man trår med pedaler skal effekten til hjelpemotoren gradvis reduseres, og opphøre helt ved 25 km/t.
· Det er noen som kobler om disse slik at man kan bruke disse helt eller delvis uten å bruke pedaler. Dette er ikke tillatt, og kan medføre straff og inndragelse av sykkelen.
· Det er også noen som monterer egne batterier eller på andre måter endrer sykkelens ytelse, slik at de kan gå langt over 25 km/t enten med eller uten hjelp av pedaler. Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

Med hilsen

Seksjon for forebyggende og patrulje Jæren politistasjon


Refleksdagen vert markert over heile landet. I 2024 blir refleksdagen markert torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamner i ei ulykke.
Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42, før refleksdagen. I år har Nico Widerberg designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både viser krafta i naturen og den krafta vi menneske skaper saman.

 

HUGS REFLEKS I HAUST- OG VINTERMØRKET


Me har elevar som har el-syklar/mopedar og me erfarer at mange kjører veldig fort og utan hjelm. 
Her er info frå politiet om desse kjøretøya og ulovleg bruk av dei. 

 

Sjå vedlagt dokument. 


Strandtur 

 Me kastar oss rundt og reiser på tur på måndag 2 september sidan det er meldt så fint vêr. Det blir ein sykkeltur til stranda på Orre, og denne gongen må alle ordne seg sykkel og hjelm sjølv, skulen har ingen til utlån. Har du ikkje sykkel så spør ein venn eller nabo. Sjekk sykkelen i løpet av helga at den har nok luft, at bremsene virkar og setet er passe høgt, og at hjelmen passer og kan lukkast igjen. 

Me startar opp som vanleg 1.time i klasserommet, og så reiser me ca kl 8.30, med retur frå stranda ca kl 12.30. Det blir ulike strandaktivitetar og bading for dei som vil. 
Pakkeliste: 
-Sykkel og hjelm(!) Det er ikkje lov med el-sykkel eller el-moped. 
-Vanleg sunn matpakke (ikkje godteri og chips) 
-Drikkeflaske med vatn/juice/saft (ikkje brus eller energidrikk) 
-Handkle og badetøy om du vil bade 
-Solbriller, evt caps og solkrem 
-Noko å sitje på 
-Klær som du kan vere lett aktiv i 
 Mobiltelefonen bør ligge att heime denne dagen, men dersom du må ha den med kan ein vaksen passe på den. 

Utdanningsval 
I veke 39 skal elevane ha utdanningsval (UTV). Elevane skal då bli kjent med eit nytt utdanningsprogram på vidaregåande skule. I løpet av veka skal elevane vera med på turar til universitet og ulike bedriftar og elevane skal arbeida i ein bedrift. Kvar elev har fått ein oversikt over kor dei skal vera til ein kvar tid. Denne oversikten kan ein finna på ON Utdanningsval. Spør elevane om dei har skaffa seg arbeid, og hjelp dei. 

Snakk med elevane 
Minn elevane om å levera inn mobilen, eller la den vera heime. I tillegg skal elevane vera på skulen sitt område heile skuledagen. Fleire elevar går ut av skuleområdet i matfri, og går truleg ned i butikkane. Skulen har ei flott kantine med god og sunn mat.  

Foreldremøte 
Det blir foreldremøte 19. september kl 18.00 i aulaen. Meir info kjem etter kvart. 
Helsing oss på 10.trinn 


Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

Det var kjekt å treffa alle elevane igjen! Me fekk ei kort veke med skuledag på torsdag og fredag. I denne veka startar me opp for fullt med alle fag! Me håper alle er motiverte for å gjera ein god innsats med skulearbeidet!  

Mobilar 
Nytt av året er at me har heilt mobilfri skule. Me oppfordrar elevane til å legga mobilen igjen heime. Dei som har mobilen med seg, må levera den inn i mobilhotell på skulen (sjå ordensreglar som ligg på hemesida under "Brev og beskjedar"). Fint om dei som ikkje har tatt ein prat om dette heime gjer det. 
Matfriminutt 
Det er framleis ikkje lov å forlata skulens område. Det kan sjå ut som om eindel elevar har “gløymt” dette iløpet av sommaren, fint om dette og kan snakkas litt om heime. 

Bøker 
Elevane får utdelt lærebøker i nokre fag, andre fag har me digitale læremiddel i. Alle bøkene dei får utdelt skal ha bokbind, og dei må behandlast fint og leverast inn att når skuleåret er slutt. 
Fotografering 
I veke 35 kjem fotografen på besøk. Alle klassane skal ta gruppebilete, og alle elevane skal ta portrett. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som alle elevane får gratis. Dei får i tillegg tilbod om å kjøpa fotopakker utanom. Dette er valfritt. Sjå på vekeoversikten når din klasse skal fotograferast. 

Valfag 
Det vil vere mogleg å gjera enkelte byte dei første vekene i valfag, dersom det er ledig kapasitet i gruppene. Elevane må då ta kontakt med avdelingsleiar.  I løpet av året vil ein ikkje kunne byta, då alle fag er avgangsfag.   
Nye vaksne på trinnet 
Me har fått to nye kontaktlærarar på trinnet; Karen Hognestad Liland i 10a og Stian Emil Pettersen i 10b. Anna Magnussen Vik er ny trinnleiar på trinnet. 
Start og slutt på dagen  
Skulen startar kl 08:00 kvar dag. Måndag, onsdag, torsdag og fredag sluttar skulen kl. 14:10 og tysdag kl. 12:10.  I år har elevane UTV fram til veke 2. Frå veke 3 skal elevane ha fri denne timen. 

Nye fag 
I år skal elevane ha utdanningsval, symjing og kunst og handverk som nye fag. 
 
Arbeidslivsfag 
Dette året har elevane arbeidslivsfag på torsdag i 6.-7. time. Dei vil ha fri kvar tysdag i 1. time. Det kan vera lurt å minna elevane om å ha med ei god matpakke denne dagen, sidan den blir litt lengre enn dei andre dagane.     

Ipad 
Me minner om at elevane må ta godt vare på ipaden. Dei fekk ipad utdelt på torsdag, og det er viktig å oppdatera den og alltid lada den opp heime. 
 
Visma Min Skole 
For dei som er nye på BUS, så bruker appen Visma Min skole til kommunikasjon mellom skule og heim. Me vil at de lastar ned appen og loggar inn i Time kommune slik at de får meldingar me sender der. Der skal de også melde inn fråvær. 

Minskole.no/bus 
Følg med på heimesida vår. Der legg me ut vekeoversikt, vekeplan, timeplanar, årshjul, brev og beskjedar. Det er lurt å abonnera på nyheiter frå 10.trinn. Då får du e-post når me legg ut noko nytt. Abonnement må fornyast kvart år 
 
Foreldremøte 
Det blir foreldremøte 19. september kl 18.00 i aulen. Meir info kjem etter kvart. 

Helsing oss på 10.trinn 


Bryne ungdomsskule er ein Olweusskule, og det vil seia at me arbeidar jamnt og trutt med antimobbearbeid etter Olweusprogrammet.
Me har gjennomført Olweusundersøkinga på alle trinn, og årets mobbetal er 5,7%. Dette er lågare prosentvis enn det ein ser på landsgjennomsnittet.
Me er sjølvsagt ikkje nøgde med at nokre elevar blir mobba eller føler seg plaga, og dette jobbar me med dagleg for å få ned desse tala.

Me evaluerer undersøkinga grundig for å gjera endringar og setja inn nye tiltak. Undersøkinga blir tatt opp i alle klassane, i fellestid med lærarane, i elevrådet og i FAU.

Me er glade for at det er svært høg trivsel på skulen. Heile 96% av elevane seier at dei trives på skulen.

Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. 
Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår.
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. 

Visma “Hjemmeweb” er erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside.