Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Sosialrådgivar og spesialpedagogisk koordinator

Sosialrådgiver og spes.pedagogisk koordinator: Elisabeth K Jørgensen 51 77 64 51

 Tverrfagleg tiltaksteam

Informasjon til Føresette

Som forelder kan du oppleva at barnet eller ungdommen din strever, eller kan være bekymra for barnet/ungdommen sin trivsel eller utvikling. Det kan være vanskelig å vite kva hjelp barnet eller ungdommen treng, og kven som kan hjelpa. I slike situasjonar kan det vera nyttig å møta fagpersonar med ulik kompetanse.
I Tverrfagleg tiltaksteam møtes familien og representantar frå fleir av kommunen sine tenester for barn og unge. Hensikta er å få ein felles forståing av situasjonen og saman vurdera kva  som vil være rett hjelp. 
Teamet er for barn/unge 0-18 år og familien. 

Tverrfagleg tiltaksteam er ein del av kommunen sin BTI – modell, betre tverrfagleg innsats.

Barn og ungdommen som har behov for hjelp og oppfølging, skal få rett hjelp til rett tid på rett plass

Kven deltek i Tverrfagleg tiltaksteam
Foreldre/føresette
Barnehage eller skule
Faste medlemmer frå: Helsestasjon, PPT og Barneven
Andre aktuelle tenester kan inviterast ved behov, det kan og vera aktuelt at barnet/ungdommen deltek.

Kvifor er det viktig at føresette deltek i møte
Eit godt samarbeid mellom familien og kommunen er avgjerande for å finna gode løysingar for barnet/ungdommen. Det er føresette som kjenner barnet/ungdommen best.
Barn har rett til å bli inkludert i saker som gjeld dei, og det er viktig å få fram korleis barnet/ungdommen sjølv opplever situasjonen. 

Korleis går eg fram som forelder/føresett?
Du kan ta kontakt med barnet/ungdommen sin barnehage eller skule for å be om møte i tverrfagleg tiltaksteam.


Elisabeth Jørgensen
Spes.ped-koordinator og sosialrådgivar
51 77 64 51