Meny
Velg trinn/seksjon Rådgjevar
Rådgjevar Erling Knutzen kontaktinfo:
erling.knutzen@time.kommune.no
Tlf: 51776445
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Yrkes- og utdanningsrådgjevar/karriererettleiar på Bryne ungdomsskule
Rådgjevar har ansvar for all utdanning- og yrkesinformasjon og -rettleiing på skulen. Mykje av dette skjer gjennom faget Utdanningsval som rådgjevar administrerer. Vidare er det rådgjevar sitt ansvar å sjå til at alle elevane får den hjelpa dei treng når dei søkjer vidaregåande skule. Rådgjevar på Bryne ungdomsskule er Erling Knutzen. Ta kontakt om du har spørsmål, ønskjer eit møte eller anna. Telefon kontor: 51776445. E-post: erling.knutzen@time.kommune.no.

www.vilbli.no Full oversikt over tilbodet i den vidaregåande skulen i Rogland. Ei stor og god nettside som me brukar aktivt. 

www.utdanning.no Dette er ei svært god side som dekker både vidaregåande skule, høgskule og universitet i tillegg til 600 ulike yrker. Her finn du det meste.

www.vigo.no Her søkjer du på vidaregåande skule. Det skjer i januar/februar. Her må ein logge inn med BankID eller MinID. Elevane på 10.trinn må ha dette i orden i god tid før jul.


Klikk "les meir" og sjå under vedlegg til høgre for å finne presentasjonen frå foreldremøte på 10. trinn onsdag 17. januar. 


For å få fritak for vurdering med karakter (altså ikkje fritak for undervisning eller vurdering), må ein ha ein IOP - Individuell OpplæringsPlan. For å få ein IOP må ein bli utreda på PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste) og der få ei sakkunnig vurdering som ligg til grunn for eit enkeltvedtak hjå rektor. Ein vil då kunne få spesialundervisning. Dette kan ein òg få i den vidaregåande skulen (vgs).

Les mer her om fremmedspråk i den videregående skolen.

Dei som har idrettsfag på Vigo-søknaden og er med på kretslag eller landslag, kan få 7 eller 15 tilleggspoeng ved innsøkning til vidaregåande skule. Be kretsen/forbundet om å sende deg eit brev/dokument der dei skriv kva du er med på, kretslag eller landslag. Det er viktig at dei skriv under og stemplar dokumentet, før dei skannar det og sender det til deg. Lever eller send dette saman med søknadsskjema (lenke til info og søknadsskjema her) direkte til den skulen du har som først av idrettsfag-skulane. First 1. mars. Lykke til!

Utdanningsprogammet studiespesialisering skil seg frå dei andre utdanningsprogramma med at her skal du velje mange av faga dine sjølve. Det er innanfor realfag (matte og naturfag) eller SSØ (Språk samfunnsfag og økonomi). Her er ei lenke til ein god artikkel om dette og heilt nede finn du to gode døme på val av programfag: Programfag studiespesialisering.

Statistisk sentralbyrå har berekninga kva utdanningar dei trur det vil vera behov for i framtida. Les meir her.

På framsida til nettsida Vilbli.no kan du sjå dei 15 utdanningsprogramma ein må velje mellom når ein skal søke vidaregåande skule. Her kan du klikke deg vidare til mykje info om det enkelte utdanningsprogram.


Ein søker vidaregåande skule (vgs) ved å logge seg inn på Vigo.no i januar med BankID eller MinID. Ein MÅ setje opp tre utdanningsprogram og kan setje opp inntil tre skular på kvart utdanningsprogram.

Til dømes slik:
1. ønske  Bygg- og anleggsteknikk  Bryne vgs
2. ønske  Bygg- og anleggsteknikk  Gand vgs
3. ønske  Bygg- og anleggsteknikk  Godalen vgs
4. ønske  Helse- og oppvekstfag  Bryne vgs
5. ønske  Helse- og oppvekstfag  Bergeland vgs
6. ønske  Helse- og oppvekstfag  Tryggheim vgs*
7. ønske  Salg, service og reiseliv  Bryne vgs
8. ønske  Salg, service og reiseliv  Dalane vgs
9. ønske  Salg, service og reiseliv  Godalen vgs


Du kan få leksehjelp med matematikk over internett, der du snakker med studenter som studerer matematikk/realfag på Universitetet. Om du sliter med matte, eller om det går greit - få fart på mattearbeidet slik at du legger et godt grunnlag for matten i vgs. Det er Nasjonalt senter for realfagsrekrutering som organiserer dette tilbodet. Dei held til ved NTNU (universitetet i Trondheim). Klikk deg inn til Enter Digital her.

Rogaland fylkeskommune tilbyr ulike spesielle tilbod i den vidaregåande skulen. Sjekk heimesida til skulane som kan vera aktuelle og sjekk ut oversikten her: Lenke til spesielle tilbod i vgs i Rogaland
I tillegg tilbyr Bryne vgs toppidrett både på Studiespesialisering og Bygg- og anleggsteknikk.Jåttå vgs har òg yrkesfag med toppidrett. Ellers har St.Svithun vgs ulike toppidrettstilbod. Enkelte skular kan òg tilby spesielle tilbod enkelte år som ikkje er å finna på lista hjå Rogaland fylkeskommune eller inne på søkesida Vigo.no. Døme på dette er forskningsklasse og ulike kombinasjonar av studiespesialisering og yrkesfag. Her dukker det stadig opp nye tilbod. Ein bør sjekke heimesidene til skulane for slike tilbod.

Vgs i utlandet? Sjekk staten si side om alt som har med dette å gjera: www.utdanningiverden.no


Ein søkjer vgs på vigo.no og fristen er 1. mars. Ein må logge seg inn på Vigo.no med BankID eller MinID. I løpet av januar/februar får elevane instruksjonar og informasjon av rådgjevar, slik at all får søkt.

Reglane for søking til vgs er slik:
- Alle må setje opp tre ulike utdanningsprogram i prioritert rekkefølge
- Ein har rett på å kome inn på eit av tre oppsatte utdanningsprogram
- Ein må setje opp mellom ein og tre skular på kvar utdanningsprogram i prioritert rekkefølge
- Ein har ikkje rett til å kome inn på ein spesiell skule
- Ved oversøkning vert det laga venteliste basert på gjennomsnittet av sommarkarakterane i 10. klasse
- Dersom ein får tilbod om plass ved førsteinntaket i starten av juli, må ein ta imot denne.
- Dersom plassen ein tar imot ikkje er førsteønske, kan ein samtidig sette seg på venteliste på høgare ønske.


I vedlegget som du finn under "les meir", kan du sjå poenggrensene ved opptak til den vidaregåande skulen i Rogaland i 2018 - 2023. Klikk på "Les mer" og deretter på vedlegg til artikkelen til høgre.

Elevane kan ha opp til ni ønsker. Her syner me førsteønske til alle elevane.

Ved å klikke her, kjem du til eit interaktivt magasin om yrkesfaga som er laga her i Rogaland. Du vil finne nytting informasjon og inspirasjon til ditt yrkes- og utdanningsval! 

Eit år på folkehøgskule er eit skuleår utan prøvar og eksamen. Det vanlegaste er å ta dette året etter den vidaregåande skulen, men det er nokon som tar inn yngre elevar. Sjå lister her.

All yrkes- og utdanningsinformasjon er lagt inn i faget Utdanningsval. Elevane skal til saman ha 110 timar i dette faget. Faget vert ikkje lagt ut på timeplanen kvar veke, men vert gjennomført i periodar kvart skuleår.

På ungdomsskulen skal alle elevane ha eit fag som heiter framandspråk. Ein kan i dette faget velje å ha tysk, fransk, spansk, engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag. Informasjon om alternativa vert gitt til elevar og føresette tidleg på våren i 7. klasse. Skal ein gå på eit studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande skule (vgs), er det ein fordel om du har valt tysk, fransk eller spansk, men ikkje avgjerande. Dersom du skal gå på yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande skule, skal du ikkje ha framandspråk og det har dermed ikkje noko å seia kva du vel.

Etter vidargåande skule kan du gå på høgskule eller universitet. Det er lite forskjell på universitet og høgskular. Den viktigaste forskjellen er at universiteta er større og driv med meir forskning.

For å koma inn på universitet og høgskular må du i dei fleste tilfelle har studiekompetanse. Det får du ved å gå på eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma eller gå eit år på påbygg etter to eller fire år på yrkesfag (unntaket er Y-vegen - sjå eigen artikkel om det her på sida).

På nettsida www.samordnaopptak.no finn du alle universitet- og høgskuleutdanningane i Noreg. Du kan òg finne opptakskrav og korleis ein reknar ut poenga ein søkjer med (http://www.samordnaopptak.no/info/opptak/).


NRK har ein serie med korte filmar om ulike yrke. Her kan du kanskje finne ein film om eit yrke du er interessert i. Sjekk det ut her: Mitt yrke.

Dei private skulane har same søknadsfrist som alle andre; 1. mars. Du må søkje på eige søknadsskjema som du finn på heimesida til den private vidaregåande skulen du ønsker å gå til. Dersom skulen ligg i Rogaland, må du i tillegg leggje den i lista på Vigo.