Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Poenggrense opptak vgs 2018 - 2023

Vedlegga til høgre syner poenggrensene etter andre opptak som er i månadskiftet juli/august. Det betyr at poenggrensa kan ha vore høgare ved førsteinntaket i byrjinga av juli og kan bli lågare utover august.

Det er viktig å merke seg at poenggrensa varierer frå år til år, då den avspeglar forholdet mellom talet på skuleplasser og talet på søkarar på det enkelte utdannningprogram og den enkelte skule. Poenggrensa er poenga til siste inntekne elev, det vil seia den lågaste poengsummen nokon har kome inn med så langt.

Poenga for inntak på Vg1 er gjennomsnittet av karakterane frå vitnemålet frå ungdomsskulen ganga med 10. Du flyttar altså bare komma eit hakk til høgre. Inntak på Vg2 baserer seg på karakterane frå Vg1.

Elevar som skal inn på Vg3 på eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma, har rett til å gå vidare der dei er. Derfor står det "fortrinnsrett" der.

Når det står "Ingen venteliste", vil det seia at alle som søkte kom inn då andreinntaket var ferdig.

Lista inneheldt kun offentlege skular.

 

Ingenting med dette å gjer, bare distribusjon av ei formslenke nov 23: Adventsamling