Bryne ungdomsskule ligg sør-vest i Bryne sentrum i Time kommune på Jæren. Me har om lag 400 elevar. Elevane kjem frå tre barneskulekretsar: Hognestad, Rosseland og Bryne. Me har fire parallellar på 8. trinn, fire parallellar på 9. trinn og seks parllellar på 10. trinn.
Det er om lag 60 tilsette ved skulen. Drøyt 50 av desse er lærarar.
Me har innføringstilbud for elevar som kjem nye til landet, desse gjekk tidlegare på Bryne kompetansesenter.
Rektor er Elsa Djuve Jerstad og avdelingsleiarar er Morten Erga Finsberg, Monica Penne Norheim og Iselin Gjære Lothe.
Lærarane underviser stort sett bare på eitt trinn. Me tilbyr tysk, fransk og spansk som 2. framandspråk og me har mange ulike valfag. Desse varierer alt etter elevane sin ønskjer.
Alle elevane har læringsbrett som verktøy. Lærarar og elevar brukar Teams som plattform for alt arbeidet dei skal gjera. Her får elevane planane sine og arbeidet dei skal gjera. Dei skal også levera inn på Teams.
Me har ei stor flott kantine der elevane kan kjøpa enkel brødmat og melkeprodukt. Det er elevar på 9. trinn saman med Renate Odland og Brit Kristine Wiig som er barne og ungdomsarbeidarar hjå oss som har den daglege drifta av kantina.
Helsesjukepleiar er tilgjengeleg kvar dag og du kan finna oppslag på døra når ho har kontortider.