Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Antimobbearbeid - Olweus

" Ein elev er mobba eller plaga når han eller ho gjentekne gonger og over ei viss tid,vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar,og han/ho som vert mobba, har vanskar med å forsvare seg." (D. Olweus)   

Skulen er sertifisert Olweus skule, og arbeider etter dette programmet. Det betyr system for førebyggande arbeid, oppdaging av mobbing og tiltak.  

Mobbeprosent dei siste åra (landsgjennomsnitt ungdomsskular er 8-12% mobbing):

 2017 4,1% 
2018   3,9% 
2019  4,6% 
2020  2,2% 
 2021 6,1% 
 2022  4,1%
 2023  4,1%

. Dei siste åra ser me i resultata frå Olweusundersøkinga at seksuell mobbing og trakassering går igjen på alle trinna. 

Mobbing er kjenneteikna ved: ·        

  • aggressiv eller "vondsinna" åtferd ·        
  • som vert gjenteke over ei viss tid ·        
  • ofte prega av fysisk eller psykisk ubalanse i maktforholdet mellom den som blir mobba og den/dei som mobbar  

Statsforvaltaren- om trygg skuledag

I vedlegget til høgre finn du informasjon om §9a i opplæringslova.