Meny
Velg trinn/seksjon 8. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Veke 38

Her er oversikt over kva som skjer på trinnet denne veka.

Her er vekeplanen for 8.trinn

Årshjul 8.trinn 23-24

Logg inn her for å svare på Nasjonale prøvar

Me har fått melding om at ein del elevar har problem med ipaden heime. Me har hatt store nettverksproblem på skulen i dag. Me beklagar dette og satsar på at det ordnar seg i løpet av skuledagen i morgon, torsdag. 

Takk til alle som kom på foreldremøtet. Referat ligg på heimesida vår under brev og beskjedar. Ikkje nøl med å ta kontakt med skulen dersom de har spørsmål.

Studentar
Desse vekene fram til haustferien får me studentar frå UiS på trinnet.

Arbeidslivsfag på bedriftsbesøk
Arbeidslivsfag skal på bedriftsbesøk til Håland kjøtt på Klepp på torsdag veke 38. Me skal sykla, så dei må ha med seg sykkel og hjelm, og klede etter veret.

Verdensdagen for psykisk helse
I veke 40 har me ekstra fokus på ei god psykisk helse. Veka blir avslutta med ein happening dei tre siste timane fredag. Elevene får fleire aktivitetar å velje mellom, og fleire føredrag dei skal høyre på, i tillegg til ein konsert med Silje Sandanger.

Tema for Verdensdagen i år er #lagplass. Ein av fem i Noreg opplever diskriminering på bakgrunn av sjukdom, kjønn, alder, etnisk opphav eller seksuell identitet. Er arbeidslivet, skulen, idrettslaget, nabolaget og vennegjengen blitt arenaer kun for dei som passar inn i malen?

Helsing oss på 8.trinn

Velkommen til foreldremøte på Bryne ungdomsskule!

8. trinn: Onsdag 13. september kl. 18.00. 

9. trinn: Måndag 18. september kl. 17.30

10. trinn: Tysdag 19. september kl. 18.00

Møt opp i aulaen. Inngang til aula/bibliotek og inngang 1 vil vera opne. 

Me gler oss til å treffa dykk! 

 


Nasjonale prøvar
Dei komande vekene skal elevane på 8.trinn gjennomføra nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk. Me tar ein prøve i veka. Det er ikkje ein prøve dei treng å øva til heime. Me bruker resultata til å tilpasse undervisninga til den enkelte vidare i året, me ser mellom anna kven som kan trenge lesekurs og om det er elevar me må kartlegge vidare. Derfor er det viktig at elevane deltek på prøva og at dei gjer så godt dei kan. Meir informasjon om nasjonale prøvar kan de lesa her.

Uteskule
Me nyttar oss av finvêret som er meldt denne veka og har uteskule i Sandtangen 4.-6.time fredag 8.sept.

iPad
Mange elevar kjem med tilnærma tomt batteri på morgonen. Me minner om at iPaden må ladast heime. Avslutt programma på ipaden innimellom, dei krev mykje straum

Foreldremøte
Me ønsker velkomne til foreldremøte i aulaen onsdag 13.september kl 18.

Helsing oss på 8.trinn

Alle elevar ved Bryne ungdomsskule er velkomne til Åpen hall i Timehallen denne hausten. Dørene opner kl 20.00. 

Det blir fredagar: 

25.08
08.09
22.09
06.10
20.10
10.11
24.11
08.12


Me har hatt to spennande og kjempekjekke dagar med 8.trinn. Dei er aktive ute i friminutta, positive i undervisninga og dei smiler og seier hei når me treff dei i gangane, i kantina eller ute. Me får nok 3 trivelege år saman. 
 
iPad 
Elevane har fått utdelt iPad, og dei som har kryssa av samtykkeskjemaet for iPad-reglementet på Visma Flyt skole kan ta den med seg heim. Det er viktig at dei seier i frå umiddelbart om det blir skader på iPaden. Kvart halvår har me ein kontroll kor me mellom anna sjekker at eleven framleis har original lader som fulgte med, at tastaturet er heilt og fint, og at det ikkje er sprekker i glaset. Alt utstyr skal leverast inn att når dei sluttar i 10.klasse. 

Bøker 
Elevane får utdelt lærebøker i nokre fag, andre fag har me digitale læremiddel i. Alle bøkene dei får utdelt skal ha bokbind, og dei må behandlast fint og leverast inn att når skuleåret er slutt. 

Målform 
På ungdomstrinnet har me ikkje reine bokmålsklassar, men elevar kan likevel velje bokmål. I utgangspunktet er alle registrert med nynorsk som hovudmål, så dersom dette skal endrast må de melde i frå til kontaktlærar eller administrasjonen. 

Heimesida 
På minskole.no/bus finn du det meste av informasjon om skulen og kva som skal skje. Kvar veke legg me ut vekeoversikten som viser kva som skjer den komande veka, og annakvar veke legg me ut informasjon til heimen og ny vekeplan for to veker. Abonner på nyheiter, så får du e-post kvar gong me legg ut noko. 

Studie 
Den veka me har ny vekeplan har elevane studie måndag 1.time. Då får dei arbeidd med vekeplanen, og dei som nyttar den tida godt har mindre heimearbeid resten av veka. Den påfølgande veka har elevane fri denne timen. Det vil alltid stå på vekeoversikten om det er studie eller fri. 

Kantinekort 
Elevane har fått utdelt eit kantinekort med ei rettleiing til korleis ein kan aktivere det. Mange gløymer å registrere koden som står på kortet, og det er viktig for at kortet skal virke. Prisliste for kantina ligg på heimesida vår, men me anbefaler at elevane stort sett har med seg matpakke, då det kan bli kostbart å handle i kantina kvar dag. 

Fråvær 
Dersom eleven er sjuk eller har avtalar hos tannlege og liknande ønsker me at de registrerer det i Min skole-appen før kl 8 om morgonen. 

Fotografering 
Denne første veka kjem fotografen på besøk. Alle klassane skal ta gruppebilete, og alle elevane skal ta portrett. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som alle elevane får gratis. De får i tillegg tilbod om å kjøpa fotopakker utanom. Dette er valfritt. 8B og 8C skal fotograferast på tysdag, 8D på onsdag og 8A på torsdag. 

Tur til Garborgsenteret 
Me har blitt invitert til Garborgsenteret for å sjå utstillinga “Verdas rikaste land”. Denne passer godt inn i undervisninga i fleire fag, og det blir ei god anledning for klassane til å gjera noko kjekt i lag. Kvar klasse har fått eit tidspunkt, og dei går samla bort saman med kontaktlærarane. Sjå tidspunkta for klassen din på vekeoversikten. 


Helsing oss på 8.trinn 

Alle elevar på 8.trinn på BUS kan delta i Fantasy-ligaen "FPL Kull 10 BUS". Bruk koden x98di2 for å bli med. Veit du ikkje korleis du registrerer deg kan du spørre Jørn, Hilde Jorunn, Olav eller ein venn om hjelp.

Hello,
For the 2023/24 Fantasy Premier League why don't you join my mini-league "FPL Kull 10 BUS"?
Joining the league couldn't be easier. Simply use the link below and you'll be added automatically after you've entered the game.
https://fantasy.premierleague.com/leagues/auto-join/x98di2
League Code: x98di2
Looking forward to playing against you this season!



Visma “Hjemmeweb” er erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 


Etter vinterferien skal skulen gjennomføra spørjeundersøking om mobbing, venskap og trivsel på skulen. Undersøkinga er ein del av arbeidet skulen gjer med å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle
elevar på skulen i tråd med kapittel 9A i opplæringslova og FN sin konvensjon om barn sine rettar.

 


Nå kan du trygt og enkelt avtale timer på helsestasjonen og med skolehelsetjenesten via Helsenorge. Her kan du se dine barns timeavtaler, hvilket barn som har timen, få oversikt over vaksiner og sende meldinger hvis du lurer på noe.
Du har fullmakt for dine egne barn under 16 år, når du har gitt fullt samtykke. Det finnes også mye god kvalitetssikret informasjon til deg som forelder.
På Helsenorge får du også oversikt over din egen helse. Med tilgang til kjernejournal, kommunikasjon med fastlege og sykehus, prøvesvar, frikort mm.
Logg inn på Helsenorge for mer informasjon om digital helsestasjon. 

Kilde: Skolehelsetjenesten på nett (ks.no)


Velkommen til foredrag torsdag 3. november kl 19.00 - 20.00 i Storsalen v/ Time bibliotek. Hetlandsgata 11. 

Foredragsholdere er Elisabeth Husveg Ramstad, familieveileder ved Familiesenteret i Time kommune og Siri Stueland, helsesjukepleier i Time kommune. 

Arr: Jæren DPS / Time bibliotek

Arrangementet er gratis. 

 


BRUK AV VERKTØYET «KLASSETRIVSEL» I TIME KOMMUNE

Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 9A i opplæringslova. For å sikra dette, brukar skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.
Les meir om Klassetrivsel, GDPR og datasikkerheit her


Bryne Røde Kors har leksehjelp for ungdomsskuleelevar på Biblioteket på Bryne kvar tysdag kl. 16.00-18.00.