Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Å søkje private vidaregåande skular

Dei private skulane har same søknadsfrist som alle andre; 1. mars. Du må søkje på eige søknadsskjema som du finn på heimesida til den private vidaregåande skulen du ønsker å gå til. Dersom skulen ligg i Rogaland, må du i tillegg leggje den i lista på Vigo.

Private skular nytta julekarakterane i inntaket. Sommerkarakteren i musikk på 9. trinnet vert ført over til julekarakterskjema i 10. trinn for dei som treng ei slik karakterutskrift for å søkje private skular. Dette sidan me vanlegvis ikkje gir musikkarakter til jul. Mat og helse er avsluttande i 9. klasse, og vert òg ført over. Rådgjevar tar ein runde i alle klassane på 10. trinn i januar og høyrer kven som treng ny karakterutskrift med desse karakterane på.

Dersom du har spesielle behov, bør du søkje innan 1. febr. og gjere greie for dette, evt. med dokumentasjon.

Private skular i nærleiken for oss er Akademiet i Sandnes og Tryggheim på Nærbø. I tillegg er det mange kristne internatskular rundt om i landet ein kan søkje på om ein ønsker. Sjekk www.kvgs.no/.