Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Om val av 2. framandspråk i ungdomsskulen

På ungdomsskulen skal alle elevane ha eit fag som heiter framandspråk. Ein kan i dette faget velje å ha tysk, fransk, spansk, engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag. Informasjon om alternativa vert gitt til elevar og føresette tidleg på våren i 7. klasse. Skal ein gå på eit studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande skule (vgs), er det ein fordel om du har valt tysk, fransk eller spansk, men ikkje avgjerande. Dersom du skal gå på yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande skule, skal du ikkje ha framandspråk og det har dermed ikkje noko å seia kva du vel.

YRKESFAG I VGS
Det er 15 utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. Kvar elev kan kun gå på eitt av desse. Fem av desse er studieførebuande. Dei 10 andre utdanningsprogramma er yrkesretta, det vil sei at ein går to år på skule og deretter to år i lære i bedrift før ein får eit fagbrev. Når ein vel eit av desse 10 yrkesretta utdanningsprogramma, skal ein ikkje ha 2. framandspråk (tysk, fransk eller spansk), og det betyr ikkje noko kva ein har hatt i ungdomsskulen.

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM I VGS
Det er idrettsfag, media og kommunikasjon, kunst-design-arkitektur, musikk-dans-drama og studiespesialisering som er dei fem studieførebuande utdanningsprogramma i den vidaregåande skulen. Her skal ein gå tre år på vidaregåande skule, og for å få bli ferdig med yrkesutdanninga, må ein gå vidare minst tre år til på høgskule/universitet. På studieførebunade utdanningsprogram skal ein ha framandspråk. Har ein då hatt dette i tre år på ungdomsskulen, fortset ein med dette i to år til. I spesielle høve kan ein starte på nivå 1 på vgs, sjølv om ein har fullført andre framandspråk i ungdomsskulen. Då skal ein ha det i to år og må velje eit anna enn det ein hadde på ungdomsskulen. Kun Bryne vgs tilbyr dette.  Dersom ein ikkje har hatt tysk/fransk/spansk i faget framandspråk i ungdomsskulen (men engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag), og vil gå på eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma, er det tre forhold ein må vera klar over:

1. Ein må starte på nivå 1 og ha faget i tre år. Dette går på bekostning av eit programfag ein sjølv kunne valt det tredje året.
2. Ein må ha tysk.
3. Nokre skular tilbyr ikkje nivå 1 i det heile - som Hetland vgs, St.Olav vgs, Stavanger Katedralskole.

------------

For å finna meir ut om desse 15 utdanningsprogramma, gå inn på www.vilbli.no.

Elevane på 8. trinnet kan i samråd med skulen slutte med tysk, fransk eller spansk fram til jul. Ein må då ha engelsk fordjuping eller arbeidslivsfag. Etter dette må ein som hovudregel fullføra 2. framandspråk ut 10. klasse.

Les om dei ulike språka www.sprakval.no. Du kan òg lese meir om dette på Ung.no.

Har du spørsmål, kan dei rettast til rådgjevar ved Bryne ungdomsskule:
Erling Knutzen. E-post: erling.knutzen@time.kommune.no. Telefon kontor: 51 77 64 45.
Du finn òg mykja anna info på rådgjevarsida på Bryne ungdomsskule si heimeside: Her.