Då er me inne i mai månad med mange fridagar og eksamen. Det er viktig å følgja med på årshjulet og vekeoversikten.
Eksamensperioden
Fredag 16. mai er det trekkdag til skriftleg eksamen. Elevane vil då få vita om dei kjem opp i norsk, matte eller engelsk.
Veke 21:
Eksamen i mattematik er tirsdag 20. mai
Eksamen i Norsk H.M er onsdag 21. mai
Eksamen i Norsk N.S er torsdag 22. mai
Eksamen i Engelsk er fredag 23. mai
I eksamensveka vil me løysa opp timeplanane, slik at det blir meir øving på dei faga dei kjem opp i til eksamen. Eigen info og plan for dette kjem fredag 16. mai.
IPad, utstyr og eksamen
Det er særs viktig at elevane held iPadane oppdaterte, og at dei er opplada kvar dag. Til eksamen vil me ikkje dela ut utstyr elevane treng, så alle må passa på at dei har det dei treng. Hugs å ha med ladar.
17.Mai
Me på Bryne ungdomsskule har ein sterk tradisjon for å visa igjen i barnetoget på 17.mai, og me oppfordrar sterkt alle elevane på 10.trinn om å stilla opp og feira saman med resten av skulen. Fleire tilsette er også med og går i toget. Toget går frå Bryne stadion kl 09.30. Oppmøte kl 09.15