Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Lise Bø Emberland tilsett som ny undervisningsinspektør

Me vil gratulera Lise Bø Emberland med stillinga som ny undervisningsinspektør etter Asbjørn Hjørnevik!

Lise har arbeidd som lærar på skulen sidan 1.august 2013, og kjenner difor skulen godt. Ho bur òg i skulekrinsen, så ho er godt kjend for dei fleste av dykk. Lise er no kontaktlærar i 3c, og det betyr at denne klassen vil få ny kontaktlærar med det aller første. 

Lise vil gradvis bli ein del av leiinga på skulen, i første omgang ein dag i veka. Kva tid ho er fullt på plass i den nye stillinga er framleis uklart.

Me gler oss over å få Lise inn i leiinga.

Me kjem tilbake med meir info når vikarsituasjonen for henne er avklart.