Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Veke 34

Nå er veke 34 snart over og me er godt i gang på SFO. Me har hatt ein god oppstart der både "gamle" og "nye" barn har truffe kvarandre igjen og mange har blitt kjent med nye barn i frå skule og barnehage. 
Nye 1. trinns elever har lært seg nye rutinar og me ser meir tryggheit i barna kvar dag. 

Måndag: var utedag fram til klokka 15.00. Mat blei servert gjennom vindauget på mat- og helserommet. Etter kl. 15.00 kunne dei som ikkje skulle gå heim velja å vera på leikerom eller aktivitetsrom.

Tysdag: var det pastasalat og brødmat i kantina. Frå kl. 14.00 var det lageaktivitet for grøn gruppa der dei teikna bileter for gymposeprosjekt. Rød gruppa var på aktivitetsrom, blå gruppa var på leikerom og gul gruppa hadde gym. Elles kunne 2. - 4. trinn velja aktivitetsrom, leikerom, lesekrok, ute eller dokkekrok.

Onsdag: var det brødmat med forskjellige pålegg ute på grusen. Etter friskt luft var det gul gruppa sin tur å ha lageaktivitet der de fortsatte på gympose "prosjektet", blå gruppa var på aktivitetsrom, grøn gruppa på leikerom og rød gruppa hadde gym. 2. - 4. trinn kunne og velja gym. Elles kunne ein velja vanlige aktiviteter.

Torsdag: var det deilig lapskaus og flatbrød i kantina. Klokka 14.00 hadde rød gruppa lageaktivitet, grøn gruppa var på aktivitetsrom, blå gruppa hadde gym og gul gruppa var på leikerom. 2. - 4 trinn kunne velja datarom (som var populært), perlerom, aktivitetsrom, leikerom, ute, dokkekrok eller lesekrok.

Fredag: var det brødmat med forskjellige pålegg ute på grusen. Etter friskt luft hadde blå gruppa lageaktivitet, rød gruppa var på leikerom, gul gruppa var på aktivitetsrom og grøn gruppa hadde gym.2. - 4. trinn kunne og velja gym, elles var det vanlige aktivitetar.  

God helg :) 

(Her kan de sjå bileter frå sommar SFO og veke 34).

Main Image
Bilete 1 av 29