Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Utviklingspermisjon -del 2

Eg gjennomfører i perioden 04.11.2019-03.01.2020 del 2 av utviklingspermisjonen min. I denne perioden skal eg setja meg grundig inn i den nye læreplanen, som skal innførast frå hausten 2020. Planen vil gje oss mange spanande utfordringar som skule, og eg vil bruka tid på å sjå korleis me best mogleg kan rigga oss for å kunna oppfylla intensjonane i planen. Eg kjem òg til å studera oppdatert pedagogisk litteratur som ligg til grunn for planen, og planlegga korleis personalet best kan bruka våren 2020 til å førebu innføringa av planen.

Ass.rektor Kristin Vikan Erland vil fungera som rektor i perioden. Eg ønskjer henne lukke til med nye oppgåver, og er svært trygg på at leiinga av skulen er dei beste hender!

Saman med dei to inspektørene Lise Bø Emberland, Hanne Fjordholm, SFO leiar Lill Kristin Aasland og resten av personalet, vil Kristin sørga for at alle har det bra på Rosseland skule