Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Astroshowet «Out for Space», torsdag 5.12 kl.18 på Time bibliotek

Bli med og opplev Universets mysterier saman med astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard, som mange kjenner frå NRK TV, og Sci-fi-forfattar og vitenformidlar Anne Mette Sannes.

Mange, både barn og vaksne, er fascinert av verdsromet.Time bibliotek tilbyr dette fantastiske showet til ein svært rimeleg inngangsbillett, uansett alder. Passar for barn frå 9-10-årsalder og vaksne i alle aldre. Avgrensa antal billettar, så førstemann til mølla!!Opplev siste utforsking av Pluto og andre mystiske objekt ytst i Solsystemet, dei mest interessante exoplanetane som er funne,svarte hol, kolonisering av Solsystemet, romheisar og ikkje minst Solsystemets og Galaksens dramatiske framtid.Kva farar truer menneskeheita på kort sikt, og kva er mogleg for å berga oss? Korleis sikre at menneska kan overleve som art?Finst intelligent liv, og korleis vil me eventuelt kunne oppnå kontakt med framande sivilisasjonar? Er universet vårt ein del av eit gigantisk multivers?Finst ormehol, og kva moglegheiter kan desse i så fall gje? Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard presenterer eit multimedieshow med spektakulære bilde, filmar, animasjonar, lydeffekter og musikkvideoar. Det vert høve å få kjøpt signerte bøker i etterkant av forestillinga.