Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Storkjøkkenet på SFO


Storkjøkkenet på SFO skal byggjast om og vera ferdig til nytt skuleår. For å få alt klart til skulestart må arbeidet startast i mai. 

Det betyr at SFO-kjøkkenet blir stengt frå og med 18. mai og ut skuleåret (sannsynligvis fram til skulestart).

Dette betyr dessverre at barna må ha med seg ekstra matpakke på SFO frå og med 18. mai. Viss barna går på Frukostklubben, må dei og ha med seg matpakke dit.

Me har full forståing over at dette kan laga ekstra arbeid for mange heimar. Men stenginga er dessverre nødvendig for å få ei meir velfungerande kjøkkenløysing framover.

De skal sjølvsagt ikkje betale kost frå og med 18. mai. Fråtrekk av kostpengar vil visa på fakturaen frå økonomiavdelinga.

Viss det er noko de lurer på, er det berre å ta kontakt.